Vikegata 21, Ørsta
Mat frå lokale bønder.
Døgnope. Sjølvbetjent. Ingen app.
Bondebuda er ein liten, sjølvbetjent butikk i gågata i Ørsta (Vikegata 21). Her finn du varer rett frå bønder og produsentar i nærområdet, tilgjengeleg heile døgnet.
Slik handlar du
Handelen skjer på din eigen mobil, du skannar berre QR-koda på døra med ditt eige mobilkamera.
Skann QR-koda for å opne døra
Du skannar QR-koda utanfor butikken med kameraet på mobilen din for å låse opp/opne døra. Du treng ingen eigen app.
Skann varene du vil kjøpe
Bruk mobilkameraet ditt til å skanne strekkodene på varene du vil kjøpe. Du ser totalbeløpet til ei kvar tid.
Betaling
Fullfør kjøpet med Vipps, bankkort, Apple Pay eller Google Pay, og få digital kvittering med det same. Du kan også velje papirkvittering.
Les meir om Vynk Skann&Betal på vynk.no.
Varer i butikken f.o.m. 1. oktober
Vareutvalet blir oppdatert direkte frå salssystemet vårt, rullert på omgang.
Desse leverer varer til Bondebuda
Her er dei lokale bøndene/produsentane som leverer til Bondebuda:
Er du bonde eller lokal produsent og ønskjer å bli leverandør? Søk her.
Om Bondebuda
Bondebuda er ein sjølvbetjent butikk i gågata i Ørsta, open døgnet rundt. Vi er kommisjonær for fleire lokale bønder og produsentar, slik at du kan handle mat rett frå nærområdet, utan mellomledd og utan faste opningstider å halde deg til.
Kontakt og adresse
Butikken
Vikegata 21
6150 Ørsta
Kontor
Vikegata 19A (2. etasje)
6150 Ørsta
Kontaktpersonar
Bjørn Tore 912 21 133
Jan-Øystein 473 91 963
Anna
Org.nr: 937 425 562
Tilgang og betaling via Vynk